22 06 87 50 Mandag-fredag 09.00-18.00 og lørdag 10.00-17.00 .
Omslag - Kompostboka

Kompostboka

– om å byggja natur

av Dag Jørund Lønning

399,–
Leveringstid: 3-7 dager Fri frakt

Omtale

Frå dei tidlegaste tider har mennesket drøymt om «Den løyndomsfulle hagen». Paradiset der alt veks, der fuglar syng, bier summar, froskar kvekkar, sommarfuglar leikar seg og sola alltid skin. Det å kompostera hjelper deg diverre ikkje med det siste på denne lista, men så absolutt med alt det andre. Med kompost som materiell, vert du Gaia sin eigen bygningsarbeidar. Du fornyar hage og åker på same måte som ho fornyar alt levande. Du kan skapa eit veldig mangfald av liv rundt deg. Kompost er nøkkelen til å låsa opp den magiske verda du trudde var tapt for alltid, eller forvist til fabel og eventyrbøker. Du byggjer nedanfrå og opp med kompost. Slik naturen alltid har vore bygd. Frå dei talrike små til dei store få. Urørt mold som blir tilført kompost, inneheld eit uhyre rikt og fullverdig økosystem. Dette systemet både lagrar karbon og skaper enorme mengder med mangfaldig næring til plantelivet. Å kompostera er difor noko av det viktigaste me kan gjera i kampen mot klimaendringar og tap av biologisk mangfald. Med kompost kan du over tid få det meste av plantar, både «ville» og «tamme», til å trivast. Du kan nå det punktet der «alt» veks av seg sjølv. Eigedomen din blir også eit eldorado for fuglar, pollinerande insekt og snigleetande amfibiar. Din hage kan så absolutt bli Den løyndomsfulle hagen. Følgjer du råda i denne boka, vil du vera på god veg dit. Kompostboka er ein leik med små og store idear og ressursar. Den handlar om hagen og åkeren, men også om dei store utfordringane menneskja og planeten står overfor. Det er ei bok om sjølve livet. Om mennesket i naturen. I dag og i morgon.

Bokdetaljer

Forfatter mm Dag Jørund Lønning
Forlag Forlaget Nyskaping
Innbinding Heftet
Utgitt 2020
Emne Gjødsling
Type / Form Faglitteratur Illustrert
Språk Dialekt
ISBN/EAN 9788299779630
Antall sider 232 sider
Vekt 658 gram